Klede, ting og tang
Gjenbruk
Brukte ting du ikkje lenger treng, eller som du vil gi eit nytt liv, kan du selje på to måtar. Jo meir av jobben du gjer sjølv, jo lågare er provisjonen.
Lei hylle
Salsmetoden er særleg tilpassa sal av klede og liknande. Du leiger hylleplass til fast vekepris, og hylla er di: du prisar, plasserer og hengjer opp varene sjølv. Vi tek ein låg provisjon av det som blir selt. Leiga er gjerne ikkje meir enn litt over 70 kr veka om du leiger fem veker, som vi tilrår, og under kampanjar kan prisen vere nede i under 50 kr. Slik fungerer hylleleige →
Bestill hylle
Sel utan hylle
Denne salsmetoden er særleg tilpassa sal av ting og tang. Leiger du ikkje hylle, plasserer du varene rundt om i butikken, og vi har siste ordet om kvar og korleis dei står. Varene kan som regel stå lenger, men kommisjonen er noko høgare. Slik fungerer sal utan hylle →
Bestill plass i butikken