Hegglandsvegen 40, Tysnes

← Selg hos oss

Handverk og redesign

Lagar du noko sjølv? Vi tek inn handverk på kommisjon og stiller det ut saman med resten av butikken.

Kva vi tek inn

Lokalt og handlaga

Vi tek inn det meste som er handlaga og har tilknyting til regionen, og til Tysnes spesielt – strikk, keramikk, trearbeid, såper, redesign og anna handverk. Er du i tvil om ditt passar inn, spør heller ein gong for mykje.

Bileta er frå butikken. Fleire døme kjem etter kvart som hyllene fyllest opp.

Slik gjer vi det

Frå første melding til utbetaling

  1. Du tek kontakt

    Send nokre bilete og ei kort skildring av kva du lagar. Vi er opne for det meste som er handlaga, men det må passe inn i butikken – og plassen er avgrensa.

  2. Vi blir samde om vilkåra

    Vi avtalar kva du leverer og opprettar ein konto i namnet ditt. Deretter registrerer og prisar du varene sjølv – vi hjelper gjerne til om du treng det, og seier kva som plar gå. I enkelte tilfelle kan vi også kjøpe varene direkte i staden for å ta dei på kommisjon.

  3. Varene ut i butikken

    Når varene er registrerte og prisa, set du dei ut i butikken på ein plass vi viser deg. Treng du ei hand, hjelper vi til. Salet ditt følgjer du i Din butikk – på nettsida eller i appen på telefonen.

  4. Utbetaling

    To gonger i månaden overfører vi pengane for det som er selt til kontoen din, med kommisjonen vår trekt frå. Du får også ein e-post med oversikt over salet og bilag du kan bruke i rekneskapen.

Kommisjon

Vi heiar på lokale produsentar, og held kommisjonen låg.

18 %
når du prisar, merkar og plasserer varene sjølv
20 %
når vi prisar, merkar og plasserer varene for deg
10 %
for barn under 16

Varene kan stå lenge i butikken, litt avhengig av kor mykje som blir selt.

Vil du levere til oss?

Send nokre bilete og ei kort skildring, så tek vi det derfrå.

Ta kontakt om handverk

← Tilbake til Selg hos oss