Kor stor provisjonen er, kjem an på kor mykje du gjer sjølv.
Du leiger ei hylle og legg tinga dine ut for sal i butikken. Hylleplass kan leigast frå éi til fem veker, og kan forlengast dersom det er ledige hyller. Vi tilrår at du bruker heile perioden, og gjerne forlengar etterpå. Vi er på Tysnes, og kundegrunnlaget er avgrensa – difor held vi hylleleiga låg. Har du berre nokre få plagg, kan du også henge opp klede og setje fram sko i butikken utan å leige hylle. Hugs at det du sel, må vere reint og luktfritt.
Når du leiger ein hylleplass, registrerer du alle varene dine i Din butikk. Alle varer må merkast med prismerke og strekkode, som du skriv ut i butikken ved starten av leigeperioden.
Fyll hylla med dei merkte varene. Korleis ho skal sjå ut, bestemmer du sjølv. Kleshengarar finn du i butikken, og vi tilrår å hengje opp mest mogleg: pent bretta plagg ligg sjeldan pent lenge. Passar noko betre andre stader i butikken, kan du setje det der – så lenge det er plass. Du kan til og med la varer stå att i butikken når hylleleiga går ut – ver då klar over at kommisjonen aukar noko.
Sjekk salet fortløpande i Din butikk, og fyll på med fleire varer undervegs. Sjå gjerne innom hylla i butikken òg. Manglar det varer, har vi kameraopptak litt tilbake i tid. Bli med i Meirbruk – seljargruppa på Facebook, der vi legg ut plagg vi finn utan prislapp, og varer som har blitt hengande.
To gonger i månaden overfører vi pengane for det som er selt til kontoen din, med provisjonen vår trekt frå. Du får også ein e-post med oversikt over salet og bilag du kan bruke i rekneskapen. Elles finn du oversikt over sal og utbetalingar på kontoen din i Din butikk.
Klede og gjenstandar du skal selje, må vere reine, heile og utan lukt.
Ta på deg brillene til kjøparen når du set prisen. God kvalitet til låg pris sel best.
For mykje på hylla gjer det vanskeleg å sjå skattane. Fyll heller på etter kvart som du sel.
Hylla di er butikken din. Del det du sel i sosiale medium, så aukar sjansen for sal.
Det er freistande å rydde ut etter ein sesong, men erfaringa vår er at sesongvarer sel best når sesongen startar, ikkje når han er over. Men du bestemmer sjølv.
Du bestemmer over hylla du leiger, og vi bestemmer over resten av butikken. Heng du varer der vi meiner dei ikkje passar inn, kan det hende vi ryddar dei tilbake til hylla di.
Hylla bestiller du direkte på nett. Har du spørsmål før du bestemmer deg, er det berre å ta kontakt.