Kor stor provisjonen er, kjem an på kor mykje du gjer sjølv.
Du startar med å registrere deg som seljar og booke plass i butikken. I utgangspunktet er det inga grense for kor lenge du kan ha plassen. For enkeltvarer som har stått meir enn seks månader tek vi oss likevel retten til å fjerne dei. Vi tek oss også retten til å fjerne sesongvarer ved behov, så butikken ikkje står full av julevarer i juli. Det handlar om at butikken skal vere levande, og ikkje full av varer som ikkje blir selde.
Når du sel i butikken, registrerer du varene dine i Din butikk – med mindre du har valt at vi skal gjere det for deg. Alle varer må merkast med prismerke og strekkode, som du skriv ut i butikken.
Varene blir plasserte ute i butikken. Her er det vi som har siste ordet, og vi kan flytte varer dit vi meiner dei står best.
Sjekk salet fortløpande i Din butikk, og fyll gjerne på med fleire varer undervegs. Sjå gjerne innom butikken òg. Manglar det varer, har vi kameraopptak litt tilbake i tid. Bli med i Meirbruk – seljargruppa på Facebook, der vi legg ut bilete av varer vi finn utan prislapp, og varer som har blitt liggande eller som bør hentast.
To gonger i månaden overfører vi pengane for det som er selt til kontoen din, med provisjonen vår trekt frå. Du får også ein e-post med oversikt over salet og bilag du kan bruke i rekneskapen. Elles finn du oversikt over sal og utbetalingar på kontoen din i Din butikk.
Klede og gjenstandar du skal selje, må vere reine, heile og utan lukt.
Ta på deg brillene til kjøparen når du set prisen. God kvalitet til låg pris sel best.
Del det du sel i sosiale medium, så aukar sjansen for sal.
Det er freistande å rydde ut etter ein sesong, men erfaringa vår er at sesongvarer sel best når sesongen startar, ikkje når han er over. Men du bestemmer sjølv.
Plassen bestiller du direkte på nett. Har du spørsmål før du bestemmer deg, er det berre å ta kontakt.